Kva er Inkubas (visjon)

Inkubas er eit selskap som utvikler og etablerer nye bedrifter. Inkubas er eigd av Hydro Aluminium (45%), SIVA (30%) og FjordInvest Såkorn (25%). Driften er basert på ordinær kommersiell drift, samt tilskot fra SIVA, Hydro og andre. Inkubas har hovedkontor i Årdal med underkontor i Høyanger. Selskapet er bygd på SIVA sin industri inkubatorkonsept.Inkubas satser på kommersiell nyskapningsfokus, med næheit til Hydro Aluminium som morsbedrift, og tilbyr bl.a. på midlertidig arbeidsplass i moderne kontormiljø, systemhjelp, samt fagstøtte / konsulenttjenester til subsidierte priser. Produksjonslokaler blir stilt til rådigheit for eventuell testproduksjon.

Kva er ein industriinkubator
Ein inkubator er eit tilrettelagt miljø der innovative gründere/bedrifter i ein planleggings-/etableringsfase, eller bedrifter i ein tidleg fase, får spesiell oppmerksomheit. Ein industriinkubator skal bidra til utvikling av vekstkraftige bedrifter gjennom stimulasjon til knoppskyting og innovasjon, basert på eksisterande industriverksomheit.
Ein industriinkubator er spesiell da den er knytta tett opp mot morsbedrifta, dvs Hydro Aluminium.

Inkubas sin forretningside
Bringe gode idèer fram til lønsom virksomheit, og gjennom dette skapa framtidsretta arbeidsplasser. Dette skjer bl.a. gjennom å tilby godt tilrettelat kompetanse og tjenester.

Kvifor er Inkubas etablert
I forbindelse med dei store restrukturendringane som skjer rundt Hydro Aluminium fabrikker i Årdal og Høyanger, er det satt i gang eit betydeleg arbeide med nyskapning og næringsutvikling.
Hydro Aluminium har saman med dei to berørte kommunane bl.a. etablert eigne utviklingsselskaper slik som Høyanger Industriutvikling as (HIAS) og Årdal Framtid as (ÅFAS). SIVA har tidlegare etablert inkubatorar i lokalmiljø som har vore utsatt for store omstillingar. Eit samarbeide mellom Hydro Aluminium og SIVA, om ein industriinkubator har derfor vore ei naturleg utvikling.

Inkubas as - postboks 3 – 6881 ÅRDALSTANGEN – tlf + 47 57 64 99 00