Inkubas med på etablering av gründerskulen i Årdal

Sogn Næringshage i samarbeid med Årdal Utvikling, Inkubas og Årdal vidaregåande skule startar Gründerskulen våren 2006. Målsetjinga med skulen er å auka gründerånda i regionen, der ein skal fokusere på motivasjon og idèutvikling.

Deltakarane vil få innsyn i korleis ein kan gå fram for å få realisere ein idè.
Kursdeltakarane treng ikkje ha ein konkrert idè når dei startar. Terskelen er låg, og meininga med dette opplegget er at me vil prøve å ufarleggjera det å starte opp for seg sjølv.

Oppstart tysdag 18. april 2006.


Dette får du med deg som deltakar:

  • Oppstart, kveldsføredrag  med næringslivsmotivator Cecilie Iwarsson.
  • 3 helgesamlingar 21.-22. april (fredag/laurdag), 12.-13. mai (fredag/laurdag) og

      16.-17. juni (fredag/laurdag) som inneheld m.a førelesningar, bedriftsbesøk og gruppearbeid.

  • Avslutning, kveldsføredrag m.a med profilert gründer.
  • Personleg oppfølging av rådgjevar/mentor.

 

Premiering med ein verdi på Kr 30 000,-

 

På grunn av at kursgjennomføringa krev tett oppfølging av deltkararne, er det sett ei avgrensing på 10 deltakarar.

 

Kurset er gratis!!  Påmeldingfrist 10. april!

 

Kontaktinformasjon: Laila Hansen Sogn Næringshage mob 95 23 23 42 eller e-post laila.hansen@snh.no

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Påmeldingslipp!

 

Navn:________________________________

Adresse:______________________________

Tlf/Mob:_____________________________

E-post:_______________________________

Din tanke/idè (skriv nokre linjer om den tanken/idèen du har):

 

 

Kva er motivasjonen din for å delta på Gründerskulen?:

 

  

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med Laila Hansen, Sogn Næringshage, på

tlf. 95 23 23 42 eller e-post laila.hansen@snh.no

Eller send til: Sogn Næringshage Årdalsvegen 3 6884 Øvre Årdal

Påmeldingsslipp finn du òg på snh.no eller porten.no.

Inkubas as - postboks 3 – 6881 ÅRDALSTANGEN – tlf + 47 57 64 99 00