Split Ring etablerer seg i industriinkubatoren i Høyanger

Kjell Solhaug i industriinkubatoren i Høyanger har fått på plass Split Ring.

Kjell Solhaug i Inkubas avd. Høyanger

Etter at industriinkubatoren i Høyanger starta opp for eitt år sidan er det etablert fem nye selskap. Det førebels siste er Split Ring, som på sikt kan gje mellom 10 og 15 nye arbeidsplassar.

Gründaren Stein Narvestad frå Oslo har brukt 15 år på å utvikle og patentere Split Ring-kuttarar til tunnelboremaskiner, og det er dette produktet det nye selskapet skal byggje verksemda si på, seier Kjell Inge Solhaug, som er tilsett i 50 prosent stilling i industriinkubatoren i Høyanger.
Split Ring skal både utvikle, produsere og selje Split Ring-kuttarar, samt ha vedlikehald, serviceoppdrag og lisenssal knytt til produktet.

Selskapet har som mål å etablere eigen produksjon av kuttarar og kutterringar, eller deler og utstyr til dei, i Høyanger. Men i startfasen må aktiviteten baserast på leigeproduksjon inntil ordrevolumet tilseier at eigen produksjon kan etablerast.
Det vil dessutan ta tid å få utstyret som krevst på plass, seier Solhaug, og viser til at det har eit halvt års bestillingstid.
Det same gjeld å få tak i dei rette folka til å arbeide i selskapet.

I 2006 vil hovudfokuset til Split Ring vere på ein produkttest som er under gjennomføring i Sveits, og selskapet vil difor ha lite behov for eiga bemanning i startfasen.
Med ein vellukka test, kan dei første leveransane skje frå nyåret 2007.
På sikt kan det skape grunnlag for 10-15 nye arbeidsplassar i Høyanger.


Inkubas as - postboks 3 – 6881 ÅRDALSTANGEN – tlf + 47 57 64 99 00